Typiske prosessar

I ei standardøkt i GNOME køyrer program som vert kalla daemonar eller tenester, som bakgrunnsprosessar på systemet. Desse daemonane skal normalt køyre:

dbus-daemon

dbus-daemon er ein meldingsbuss-daemon som program kan bruke til å utveksle meldingar med kvarandre. dbus-daemon er implementert med D-Bus-biblioteket, som gjev ein-til-ein-kommunikasjon mellom to vilkårlege appar.

For meir informasjon, sjå man-sida for dbus-daemon.

gnome-keyring-daemon

Innloggingsinformasjon som brukarnamn og passord for ulike appar og nettstader vert lagra trygt med gnome-keyring-daemon. Informasjonen vert skriven i ei kryptert fil som vert kalla nøkkelringfila, og lagra i heimemappa til brukaren.

For meir informasjon, sjå man-sida for gnome-keyring-daemon.

gnome-session

Programmet gnome-session er ansvarleg for å køyre GNOME-skrivebordsmiljøet ved hjelp av ein displayhandsamar som GDM, LightDM eller NODM. Standardøkta for brukaren vert sett ved systeminstallasjonen av systemadministratoren. gnome-session lastar vanlegvis den siste økta som vart køyrt på systemet.

For meir informasjon, sjå man-sida for gnome-session.

gnome-settings-daemon

gnome-settings-daemon handsamar innstillingar for ei GNOME-økt og for alle program som køyrer i økta.

For meir informasjon, sjå man-sida for gnome-settings-daemon.

gnome-shell

gnome-shell gjev kjernefunksjonane i brukargrensesnittet i GNOME, til dømes å starte program, bla i mapper, vise filer og så vidare.

For meir informasjon, sjå man-sida for gnome-shell.

pulseaudio

PulseAudio er ein lydtenar for Linux-, POSIX- og Windows-system som lèt program sende ut lyd via Pulseaudio-tenesta.

For meir informasjon, sjå man-sida for pulseaudio.

Avhengig av oppsettet til brukaren kan du òg sjå mellom anna nokre av desse:

Tilleggsprosessar

  • at-spi2-dbus-launcher

  • at-spi2-registryd

  • gnome-screensaver

  • gnome-shell-calendar-server

  • goa-daemon

  • gsd-printer

  • ulike fabrikkprosessar for Evolution

  • ulike GVFS-prosessar