Slå av ompartisjonering

polkit lèt deg setje løyve for kvar enkelt operasjon. For udisks2, verktøyet som gjev tenester for diskhandsaming, ligg oppsettet i /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy. Denne fila inneheld eit sett med handlingar og standardverdiar som systemadministratoren kan overstyre.

polkit-oppsettet i /etc overstyrer det som følgjer med pakkar i /usr/share.

Slå av ompartisjonering

  1. Opprett ei fil med same innhald som i /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy: cp /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy /etc/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy

    Ikkje endre fila /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy. Endringane dine vert overskrivne ved neste pakkeoppdatering.

  2. Slett alle handlingar du ikkje treng frå policyconfig-elementet og legg desse linjene til i fila /etc/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy:

      <action id="org.freedesktop.udisks2.modify-device">
         <description>Modify the drive settings</description>
         <message>Authentication is required to modify drive settings</message>
        <defaults>
          <allow_any>no</allow_any>
          <allow_inactive>no</allow_inactive>
          <allow_active>yes</allow_active>
        </defaults>
    </action>

    Byt ut no med auth_admin om du vil sikre at berre rotbrukaren kan utføre handlinga.

  3. Lagre endringane.

Når brukaren prøver å endre diskinnstillingane, vert denne meldinga vist: Treng autentisering for å gjera endringar i diskoppsett.