Innleiing

Sysprof er ein systemprofiler for Linux som er retta mot GNOME-skrivebordet.

Kva er eit profileringsverktøy?

Eit profileringsverktøy er ein app som registrerer informasjon om ein app eller eit system medan det køyrer. Den informasjonen kan utforskast for å få innsikt i korleis appen kan endrast for å yte betre.

Det finst to vanlege kategoriar av profileringsverktøy: sporingsbaserte og prøvetakingsbaserte. Med eit sporingsbasert profileringsverktøy er det meint at kvar funksjonskall som vert utført av programmet, er kjent for profilaren. Ein stikkprøveprofiler fungerer ved å inspisere tilstanden til programmet med jamne mellomrom og ser difor ikkje kvart funksjonskall som vert utført av programmet.

Både sporing og prøvetaking har sine fordelar. Ein tydeleg fordel med prøvetaking er at overheaden er langt lågare enn ved sporing, noko som gjer det lettare å bruke for programvare som krev interaktivitet.

Sysprof er eit profileringsverktøy som brukar prøvetaking.