Slå av brukarlista

Du kan slå av brukarlista på innloggingsskjermen ved å setje GSettings-nøkkelen org.gnome.login-screen.disable-user-list.

Når brukarlista er slått av, må brukarane skrive inn brukarnamnet og passordet sitt for å logge inn.

Set nøkkelen org.gnome.login-screen.disable-user-list

  1. Opprett gdm-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/gdm

    user-db:user
    system-db:gdm
    file-db:/usr/share/gdm/greeter-dconf-defaults

    gdm er namnet på ein dconf-database.

  2. Opprett ei gdm-nøkkelfil for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/gdm.d/00-login-screen:

    [org/gnome/login-screen]
    # Ikkje vis brukarlista
    disable-user-list=true
  3. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update