Ikkje tillat innlogging med fingeravtrykk
Brukarar med fingeravtrykklesar kan logge inn med fingeravtrykket i staden for passord. Innlogging med fingeravtrykk må setjast opp av brukaren før ho kan brukast.
Fingeravtrykklesarar er ikkje alltid pålitelege, så du vil kanskje slå av innlogging med lesaren av omsyn til tryggleiken.
Slå av innlogging med fingeravtrykklesar:
-
Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:
/etc/dconf/profile/user
user-db:user system-db:locallocal er namnet på ein dconf-database.
Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.
-
Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-login for å gje informasjon til local-databasen.
/etc/dconf/db/local.d/00-login
# Oppgje dconf-stien [org/gnome/login-screen] # Slå av fingeravtrykklesar enable-fingerprint-authentication=false -
For å hindre at brukaren overstyrer desse innstillingane, opprettar du fila /etc/dconf/db/local.d/locks/login med dette innhaldet:
/etc/dconf/db/local.d/locks/fingerprintreader
# List opp nøklane som vert brukte til å setje opp innlogginga /org/gnome/login-screen/enable-fingerprint-authentication -
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update Brukaren må logge ut og inn på nytt før systeminnstillingane vert gjeldande.