Vis eit tekstbanner på innloggingsskjermen
Du kan vise ekstra tekst på innloggingsskjermen, til dømes kven brukarane skal kontakte for hjelp, ved å setje GSettings-nøklane org.gnome.login-screen.banner-message-enable og org.gnome.login-screen.banner-message-text.
Vis eit tekstbanner på innloggingsskjermen:
-
Opprett gdm-profilen som inneheld desse linjene:
/etc/dconf/profile/gdm
user-db:user system-db:gdm file-db:/usr/share/gdm/greeter-dconf-defaultsgdm er namnet på ein dconf-database.
-
Lag ei gdm-nøkkelfil for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/gdm.d/01-banner-message:
[org/gnome/login-screen] banner-message-enable=true banner-message-text='Skriv bannermeldinga her.' -
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update
Det er inga teikngrense for bannermeldinga. gnome-shell oppdagar sjølv lengre tekstar og går over til to kolonnar.
Bannermeldinga kan ikkje lesast frå ei ekstern fil.