Slå av ompartisjonering
polkit lèt deg setje løyve for kvar enkelt operasjon. For udisks2, verktøyet som gjev tenester for diskhandsaming, ligg oppsettet i /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy. Denne fila inneheld eit sett med handlingar og standardverdiar som systemadministratoren kan overstyre.
polkit-oppsettet i /etc overstyrer det som følgjer med pakkar i /usr/share.
Slå av ompartisjonering
-
Opprett ei fil med same innhald som i /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy: cp /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy /etc/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy
Ikkje endre fila /usr/share/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy. Endringane dine vert overskrivne ved neste pakkeoppdatering.
-
Slett alle handlingar du ikkje treng frå policyconfig-elementet og legg desse linjene til i fila /etc/polkit-1/actions/org.freedesktop.udisks2.policy:
<action id="org.freedesktop.udisks2.modify-device"> <description>Modify the drive settings</description> <message>Authentication is required to modify drive settings</message> <defaults> <allow_any>no</allow_any> <allow_inactive>no</allow_inactive> <allow_active>yes</allow_active> </defaults> </action>Byt ut no med auth_admin om du vil sikre at berre rotbrukaren kan utføre handlinga.
Lagre endringane.
Når brukaren prøver å endre diskinnstillingane, vert denne meldinga vist: Treng autentisering for å gjera endringar i diskoppsett.