Lås dei påslåtte utvidingane
I GNOME Shell kan du hindre brukaren i å slå utvidingar av eller på ved å låse nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools. Slik kan du gje brukaren eit sett med utvidingar som må brukast.
Når nøkkelen org.gnome.shell.development-tools er låst, sørgjer det for at brukaren ikkje kan bruke GNOME Shell sitt integrerte verktøy for feilsøking og inspeksjon (Looking Glass) til å slå av obligatoriske utvidingar.
Lås nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools
-
Opprett ein user-profil i /etc/dconf/profile/user:
user-db:user system-db:local -
Opprett ein local-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/local.d/00-extensions:
[org/gnome/shell] # List opp alle utvidingar du vil slå på for alle brukarar enabled-extensions=['myextension1@myname.example.com', 'myextension2@myname.example.com'] # Slå av tilgang til Looking Glass development-tools=falseNøkkelen enabled-extensions fører opp dei påslåtte utvidingane med uuid-en deira (myextension1@myname.example.com og myextension2@myname.example.com).
Nøkkelen development-tools er sett til false for å slå av tilgang til Looking Glass.
-
Overstyr innstillinga til brukaren og hindre brukaren i å endre ho i /etc/dconf/db/local.d/locks/extensions:
# Lås lista over aktiverte utvidingar /org/gnome/shell/enabled-extensions /org/gnome/shell/disabled-extensions /org/gnome/shell/development-tools -
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update
Når nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools er låste, lastar ikkje GNOME Shell utvidingar i ~/.local/share/gnome-shell/extensions eller /usr/share/gnome-shell/extensions som ikkje står i nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions, og brukaren kan dermed ikkje bruke dei.