Slå på utvidingar for heile maskina

For å gjere utvidingar tilgjengelege for alle brukarar på systemet installerer du dei i mappa /usr/share/gnome-shell/extensions. Merk at nyinstallerte utvidingar for heile maskina er slått av som standard.

Du må setje nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions for å velje kva utvidingar som skal vere slått på som standard. Men for augneblinken finst det ingen måte å slå på fleire utvidingar for brukarar som alt har logga inn. Dette gjeld ikkje brukarar som har installert og slege på sine eigne GNOME-utvidingar.

Set nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions

  1. Opprett ein user-profil i /etc/dconf/profile/user:

    user-db:user
    system-db:local
  2. Opprett ein local-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/local.d/00-extensions:

    [org/gnome/shell]
    # List opp alle utvidingar du vil slå på for alle brukarar
    enabled-extensions=['myextension1@myname.example.com', 'myextension2@myname.example.com']

    Nøkkelen enabled-extensions fører opp dei påslåtte utvidingane med uuid-en deira (myextension1@myname.example.com og myextension2@myname.example.com).

  3. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update