Endre låseskjermskjoldet
Låseskjermskjoldet er skjermen som raskt vert skyvd ned når systemet er låst. Bakgrunnen til låseskjermskjoldet vert styrt av GSettings-nøkkelen org.gnome.desktop.screensaver.picture-uri. Sidan GDM brukar sin eigen dconf-profil, kan du setje standardbakgrunnen ved å endre innstillingane i den profilen.
Set nøkkelen org.gnome.desktop.screensaver.picture-uri
-
Opprett gdm-profilen som inneheld desse linjene:
/etc/dconf/profile/gdm
user-db:user system-db:gdm file-db:/usr/share/gdm/greeter-dconf-defaultsgdm er namnet på ein dconf-database.
-
Opprett ein gdm-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/gdm.d/01-screensaver:
[org/gnome/desktop/screensaver] picture-uri='file:///opt/corp/background.jpg'Byt ut /opt/corp/background.jpg med stien til biletfila du vil bruke som låseskjermbakgrunn.
Støtta format er PNG, JPG, JPEG og TGA. Biletet vert skalert om nødvendig for å passe til skjermen.
-
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update Du må logge ut før systeminnstillingane vert gjeldande.
Neste gong du låser skjermen, vert det nye låseskjermskjoldet vist i bakgrunnen. I framgrunnen vert klokkeslett, dato og vekedag viste.
Kva viss bakgrunnen ikkje vert oppdatert?
Sjå til at du har køyrt dconf update-kommandoen for å oppdatere systemdatabasane.
Dersom bakgrunnen ikkje vert oppdatert, prøv å starte GDM på nytt.