Legg til ekstra bakgrunnar
Du kan gjere ekstra bakgrunnar tilgjengelege for brukarar på systemet ditt ved å følgje stega nedanfor.
Set ekstra bakgrunnar
-
Lag ei XML-fil, til dømes filnamn.xml. I denne fila brukar du nøklar frå GSettings-skjemaet org.gnome.desktop.background for å spesifisere ekstra bakgrunnar og utsjånaden deira.
Her er ei liste over dei mest brukte nøklane:
org.gnome.desktop.background-skjema GSettings-nøklar
Nøkkelnamn
Moglege verdiar
Skildring
picture-options
"none", "wallpaper", "centered", "scaled", "stretched", "zoom", "spanned"
Avgjer korleis biletet som er sett med wallpaper_filename vert vist.
color-shading-type
"horizontal", "vertical", and "solid"
Korleis skugge bakgrunnsfargen.
primary-color
standard: #023c88
Fargen til venstre eller øvst når overgangar vert teikna, eller den einsfarga fargen.
secondary-color
standard: #5789ca
Fargen til høgre eller nedst når overgangar vert teikna. Vert ikkje brukt ved einsfarga farge.
Du kan sjå ei fullstendig liste over nøklane i org.gnome.desktop.background og moglege verdiar med dconf-editor eller kommandolinjeverktøyet gsettings. Sjå Bla gjennom GSettings-verdiar for appane dine for meir informasjon.
Nedanfor er eit døme på ei filnamn.xml-fil:
<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?> <!DOCTYPE wallpapers SYSTEM "gnome-wp-list.dtd"> <wallpapers> <wallpaper deleted="false"> <name>Bedriftsbakgrunn</name> <name xml:lang="de">Firmenhintergrund</name> <filename>/usr/local/share/backgrounds/company-wallpaper.jpg</filename> <options>zoom</options> <shade_type>solid</shade_type> <pcolor>#ffffff</pcolor> <scolor>#000000</scolor> </wallpaper> </wallpapers> -
Legg fila filnamn.xml i mappa /usr/share/gnome-background-properties/.
Brukarane kan då velje dei ekstra bakgrunnane i Innstillingar ▸ Bakgrunn.
Oppgje fleire bakgrunnar
I éi oppsettfil kan du oppgje fleire <wallpaper>-element for å leggje til fleire bakgrunnar.
Sjå dette dømet med to <wallpaper>-element som legg til to ulike bakgrunnar:
<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<!DOCTYPE wallpapers SYSTEM "gnome-wp-list.dtd">
<wallpapers>
<wallpaper deleted="false">
<name>Bedriftsbakgrunn</name>
<name xml:lang="de">Firmenhintergrund</name>
<filename>/usr/local/share/backgrounds/company-wallpaper.jpg</filename>
<options>zoom</options>
<shade_type>solid</shade_type>
<pcolor>#ffffff</pcolor>
<scolor>#000000</scolor>
</wallpaper>
<wallpaper deleted="false">
<name>Bedriftsbakgrunn 2</name>
<name xml:lang="de">Firmenhintergrund 2</name>
<filename>/usr/local/share/backgrounds/company-wallpaper-2.jpg</filename>
<options>zoom</options>
<shade_type>solid</shade_type>
<pcolor>#ff0000</pcolor>
<scolor>#00ffff</scolor>
</wallpaper>
</wallpapers>