Set opp ei standardøkt for ein brukar

Standardøkta vert henta frå eit program som heiter AccountsService. AccountsService lagrar denne informasjonen i mappa /var/lib/AccountsService/users/.

I GNOME 2 vart fila .dmrc i heimemappa til brukaren brukt til å lage standardøkter. Denne .dmrc-fila vert ikkje lenger brukt.

Set standardøkta for ein brukar

  1. Sjå til at du har pakken gnome-session-xsession installert på systemet ditt.

  2. Gå til mappa /usr/share/xsessions, der du finn .desktop-filer for kvar av dei tilgjengelege øktene. Sjå på innhaldet i .desktop-filene for å avgjere kva økt du vil bruke.

  3. For å velje standardøkta for ein brukar oppdaterer du account service for brukaren i fila /var/lib/AccountsService/users/brukarnamn:

    [User]
    Language=
    XSession=gnome-classic

    I dette dømet er GNOME Classic sett som standardøkt med fila /usr/share/xsessions/gnome-classic.desktop.

Etter at du har valt ei standardøkt for brukaren, vert denne økta brukt neste gong brukaren loggar inn, med mindre brukaren vel ei anna økt frå innloggingsskjermen.