Kvifor skal eg ikkje bruke GSettings-overstyringar?
GSettings-overstyringar vert brukte av distribusjonar til å justere standardinnstillingane for GNOME-skrivebordet og appar. dconf-overstyringar er laga for at systemadministratorar skal kunne justere standardinnstillingar og setje obligatoriske innstillingar for GNOME-skrivebordet og appar.
Kva er leverandøroverstyringar?
Standardverdiane er definerte i skjemaa som vert installerte av ein app. Av og til er det nødvendig for ein leverandør eller distributør å justere desse standardverdiane.
Sidan det er upraktisk og lett å gjere feil når ein endrar XML-kjelda til skjemaet, les glib-compile-schemas såkalla leverandøroverstyringsfiler. Dette er nøkkelfiler i same mappe som XML-kjeldene til skjemaet, og dei kan overstyre standardverdiar.