Kva er MIME-typar?

I GNOME vert MIME-typar (Multipurpose Internet Mail Extension) brukte til å identifisere formatet til ei fil. GNOME-skrivebordet brukar MIME-typar til å:

  • Avgjere kva app som skal opne eit bestemt filformat som standard.

  • Registrere andre appar som òg kan opne eit bestemt filformat.

  • Gje ein tekst som skildrar filtypen, til dømes i vindauget for fileigenskapar i appen Filer.

  • Gje eit ikon som representerer eit bestemt filformat, til dømes i vindauget for fileigenskapar i appen Filer.

Namn på MIME-typar følgjer eit fast format:

media-type/subtype-identifier

image/jpeg er eit døme på ein MIME-type der image er medietypen, og jpeg er undertypeidentifikatoren.

GNOME følgjer spesifikasjonen freedesktop.org Shared MIME Info for å avgjere:

  • Kvar MIME-typespesifikasjonsfilene skal lagrast, for heile maskina og for kvar brukar.

  • Korleis ein registrerer ein MIME-type slik at skrivebordsmiljøet veit kva appar som kan opne eit bestemt filformat.

  • Korleis brukaren kan endre kva appar som skal opne kva filformat.

Kva er MIME-databasen?

MIME-databasen er ei samling av alle MIME-typespesifikasjonsfilene som GNOME brukar til å lagre informasjon om kjende MIME-typar.

Den viktigaste delen av MIME-databasen for ein systemadministrator er mappa /usr/share/mime/packages/, der filene med informasjon om kjende MIME-typar er lagra. Eit døme på ei slik fil er /usr/share/mime/packages/freedesktop.org.xml, som inneheld informasjon om standard-MIME-typane som er tilgjengelege på systemet. Denne fila kjem frå pakken shared-mime-info.

Få meir informasjon

For detaljert informasjon om MIME-typesystemet, sjå freedesktop.org Shared MIME Info-spesifikasjonen på nettstaden til freedesktop.org: