Bruk verksemdsinnlogging for å logge inn i GNOME
Dersom nettverket ditt har eit Active Directory- eller IPA-domene og du har ein domenekonto, kan du bruke innloggingsinformasjonen for domenet til å logge inn i GNOME.
Dersom maskina er sett opp for domenekontoar, kan brukarane logge inn i GNOME med kontoane sine. Ved innlogginga skriv du brukarnamnet på domenet, følgt av teiknet @ og så domenenamnet. Er domenenamnet til dømes example.com og brukarnamnet User, skriv du:
User@example.comNår maskina alt er sett opp for domenekontoar, skal du sjå eit nyttig hint som skildrar innloggingsformatet.
Bruk verksemdsinnlogging på velkomstskjermane
Dersom du enno ikkje har sett opp maskina for verksemdsinnlogging, kan du gjere det på Velkomen-skjermane som er ein del av programmet GNOME Initial Setup.
Set opp verksemdsinnlogging
På velkomstskjermen Innlogging vel du Verksemdsinnlogging.
Skriv inn namnet på domenet i feltet Domene viss det ikkje alt er fylt ut.
Skriv inn brukarnamn og passord for domenekontoen din i dei relevante felta.
Klikk Neste.
Avhengig av korleis domenet er sett opp, kan det dukke opp eit spørsmål der du må oppgje namnet og passordet til domeneadministratoren for å gå vidare.
Byt til verksemdsinnlogging for å logge inn i GNOME
Dersom du alt har fullført det første oppsettet og vil bruke ein domenekonto for å logge inn i GNOME, kan du gjere det frå panelet Brukarar i GNOME-innstillingane.
Set opp verksemdsinnlogging
Opne Aktivitetar-oversynet og byrj å skrive Brukarar.
Klikk på Brukarar for å opne panelet.
Trykk på knappen Lås opp og skriv inn passordet til administratoren av datamaskina.
Klikk på knappen [+] nede til venstre i vindauget.
Trykk på knappen Verksemdsinnlogging.
Skriv inn domene, brukarnamn og passord for verksemdskontoen din, og klikk Legg til.
Avhengig av korleis domenet ditt er sett opp, kan det dukke opp eit vindauge som ber om namnet og passordet til domeneadministratoren for å gå vidare.
Feilsøking og avansert oppsett
Kommandoen realm og underkommandoane hans kan brukast til å feilsøkje verksemdsinnlogginga. For å sjå til dømes om maskina er sett opp for verksemdsinnlogging, køyrer du denne kommandoen:
$ realm listNettverksadministratorar vert oppmoda om å melde arbeidsstasjonar inn i eit relevant domene på førehand. Det kan gjerast med kickstart-kommandoen realm join, eller ved å køyre realm join automatisk frå eit skript.
Få meir informasjon
Administrasjonsrettleiinga for realmd gjev meir detaljert informasjon om bruk av verksemdsinnlogging.