Er GiB det same som GB (gigabyte)?
Minne- og diskplassstatistikk vert vist med IEC-binære prefiks, KiB, MiB, GiB, TiB (for kibi, mebi, gibi og tebi). Desse er meinte å skilje binær rapportering av storleikar brukt i Systemovervaking (multiplar av 1024) frå desimale storleikar (multiplar av 1000) som vanlegvis vert brukt, til dømes i pakking av harddiskar.
Typiske binære einingar:
1 KiB = 1024 byte
1 MiB = 1048576 byte
1 GiB = 1073741842 byte
Ein ekstern harddisk, annonsert som 1,0 TB (terabyte), vil visast som 0,909 TiB (tebibyte).