Kva tyder prosessstatusane?

Statusen til ein prosess fortel deg om han gjer noko no eller ikkje. Det finst fire statusar som ein prosess kan ha:

Køyrer

Prosessar som for tida gjer noko (til dømes ein nettlesar som lastar ei nettside). Køyrande prosessar er dei som aktivt brukar prosessoren (CPU).

Sovande

Prosessar som ikkje gjer noko akkurat no (til dømes fordi dei ventar på at noko skal skje). Dei brukar ikkje noko av prosessortida, men tek framleis opp minne. Om dei må gjere noko, vil dei «vakne» og endre statusen sin til køyrande.

Stoppa

Ein stoppa prosess er ein som har vorte lagd i dvale manuelt. Du vil kanskje mellombels stoppe ein prosess viss han til dømes brukar for mykje prosesseringstid.

For å gjere dette, klikkar du på prosessen i Prosessar-fana, høgreklikkar på han og vel Pause frå menyen som kjem opp. Du kan vekkje han att ved å klikke Hald fram i same meny.

Zombie

Ein zombieprosess er ein prosess som har fullført køyringa og aldri vil starte på nytt, men som av ein eller annan grunn vert halden i prosesslista. Dette skjer som regel fordi han vart starta av eit anna program som treng å vite om han vart fullført på ein god måte eller ikkje, men som enno ikkje har sjekka prosessen.

Zombie-prosessar brukar ikkje noko minne eller prosesseringstid, og vil til slutt forsvinne. Du treng ikkje gjere noko for å verte kvitt dei.

Dei fleste prosessane vil anten køyre eller sove.