Endre prioriteten til ein prosess
Du kan fortelje datamaskina at visse prosessar skal ha høgare prioritet enn andre, og dermed få ein større del av den tilgjengelege reknetyda. Dette kan få dei til å køyre raskare, men berre i visse tilfelle. Du kan også gje ein prosess ein lågare prioritet dersom du meiner han brukar for mykje prosesseringskraft.
Gå til Prosessar-fana og klikk på prosessen du vil ha ein annan prioritet.
Høgreklikk på prosessen, og bruk Endre prioritet-menyen for å tildele prosessen høgare eller lågare prioritet.
Det er som regel lite behov for å endre prosessprioritetar manuelt. Datamaskina vil som regel gjere ein god jobb med å styre dei sjølv. (Systemet for å styre prosessprioritet vert kalla nice.)
Gjev høgare prioritet ein raskare prosess?
Datamaskina deler prosesseringstida si mellom alle dei køyrande prosessane. Dette vert normalt delt intelligent, slik at appane som gjer meir arbeid automatisk får ein større del av ressursane. Som regel får prosessane så mykje prosesseringstid som dei treng, og vil dermed allereie køyre så fort som mogleg. Å endre prioriteten deira vil ikkje utgjere nokon skilnad.
Men om datamaskina køyrer fleire reknemessig krevjande app samtidig, kan prosesseringstida verte «overteken» (det vil seie at prosessorkapasiteten vert utnytta fullt ut). Du kan merke at andre appar køyrer langsamare enn vanleg fordi det ikkje er nok prosesseringstid til å dele mellom alle.
I dette tilfellet kan det vere nyttig å endre prioriteten på prosessane. Du kan senke prioriteten til ein av dei reknemessig krevjande prosessane for å frigjere meir prosesseringstid til andre appar. Alternativt kan du auke prioriteten til ein prosess som er viktigare for deg, og som du ønskjer å køyre raskare.