Kvifor er det oppførte prosessar som eg ikkje har starta?
Det er vanlegvis mange prosessar som er lista under Prosessar-fana. Berre nokre få av desse er program som du sjølv har starta. Dei andre er stort sett prosessar som operativsystemet treng for at datamaskina skal fungere korrekt. Desse vert starta automatisk når du loggar inn, og køyrer typisk stille i bakgrunnen.