Tving ein app til å avslutte («drep») med ein gong

Viss eit program sluttar å fungere eller frys, kan du tvinge det til å stengje ( «drepe» det ) ved å bruke Systemovervakar. Gå til Prosessar-fana og klikk for å velje prosessen du vil avslutte. Først klikkar du på Avslutt prosess for å prøve å la det avslutte på ein ryddig måte.

Viss prosessen ikkje vert avslutta etter nokre sekund, høgreklikk på han og vel Tving avslutting frå menyen som kjem fram.

Ved å bruke Avslutt prosess prøver du å avslutte prosessen på ein ordentleg måte, slik at han får tid til å lagre filer og så bortetter, medan Tving avslutting tvingar han til å avslutte med det same. For enkelte appar kan dette tyde at du mistar usparede filer. Du bør alltid prøve Avslutt prosess først.