Kva for eit program gjer at datamaskina køyrer seint?
Eit program som brukar meir enn sin del av prosessoren kan gjere heile datamaskina tregare. For å finne kva prosess som kan gjere dette:
Klikk på Prosessar-fana.
-
Klikk på kolonneoverskrifta % CPU for å sortere prosessane etter CPU-bruk.
Pila i kolonneoverskrifta viser sorteringsretninga; klikk på nytt for å snu. Pila skal peike opp.
Prosessane øvst i lista brukar den største delen av CPU-en. Når du har funne ut kva for ein som kan bruke meir ressursar enn han bør, kan du avgjere om du skal stengje sjølve appen, eller stengje andre appar for å prøve å redusere CPU-belastninga.
Ein prosess som har låst seg eller krasja kan bruke 100 % CPU. Om dette skjer, må du kanskje tvinge prosessen til å avslutte.