Finn kva app som brukar ei bestemt fil

Av og til vil ei feilmelding fortelje deg at ei eining (som lyd-eininga eller DVD-ROM-en) er oppteken, eller at fila du vil redigere er i bruk. For å finne prosessen eller prosessane som er ansvarlege:

  1. Klikk Systemovervakar ▸ Søk etter opne filer.

  2. Skriv inn eit filnamn eller del av eit filnamn. Dette kan vere /dev/snd for lydinnretninga eller /media/cdrom for DVD-ROM-en.

  3. Klikk Finn.

Dette vil vise ei liste over køyrande prosessar som for tida har tilgang til fila eller filene som passar søket. Du kan avslutte appen for å få tilgang til eininga eller redigere fila.