Vis kva filer ein prosess har opne

Prosessar treng av og til å halde filer opne. Det kan vere filer som du ser på eller redigerer, eller mellombelse filer eller systemfiler som prosessen treng for å fungere skikkeleg.

For å sjå kva filer ein prosess har opne:

  1. Finn prosessen i Prosessar-fana og klikk éin gong for å velje han.

  2. Høgreklikk på prosessen og vel Opne filer.

I lista over opne filer som dukkar opp, kan du finne nokre spesielle filer kalla sockets. Dette er eigentleg ein måte for prosessar å kommunisere med kvarandre, og er ikkje vanlege filer som du kan sjå eller redigere.