Kva er ein prosess?
Ein prosess er eit program eller ein app som vert køyrt av systemet. Når ein app vert starta, tildeler systemet ein unik prosess-ID (PID), og instruksjonane og dataa vert lasta inn i minnet.
Fana Prosessar viser informasjon om prosessar, og lèt deg bruke Stopp, Hald fram, Avslutt og Tving avslutting på ein prosess eller endre prioriteten hans. Vel du å vise Alle prosessar, vil prosesslista ta med systemprosessar, som køyrer i bakgrunnen og gjev ulike tenester som held ein datamaskin i gang.