Brukar minnekart
Virtuelt minne er ei framstilling av det samla fysiske minnet og swap-området i eit system. Det gjer det mogleg for køyrande prosessar å få tilgang til meir enn det eksisterande fysiske minnet ved å kartleggje plasseringar i fysisk minne til filer på disk. Når systemet treng fleire minnesider enn det som er tilgjengeleg, vil nokre av dei eksisterande sidene verte sida ut eller skrivne til swap-området.
minnekartet viser det totale virtuelle minnebruket til prosessen, og kan brukast til å avgjere minnekostnaden ved å køyre einskildståande eller fleire instansar av appen, til å sikre bruk av dei rette delte biblioteka, til å sjå resultata av justeringar av ulike ytingsinnstillingar som appen kan ha, eller til å diagnostisere problem som minnelekkasjar.
For å vise minnekartet til ein prosess:
Klikk på Prosessar-fana.
Høgreklikk på den ynskte prosessen i prosesslista.
Klikk Minnekart.
Les minnekartet
Adresser vert viste i heksadesimalt (grunn 16).
Storleikar vert vist med IEC-binære prefiks.
Ved køyretid kan prosessen dynamisk tildele meir minne til eit område kalla heap, og lagre argument og variablar i eit anna område kalla stack.
Sjølve appen og kvar av dei delte biblioteka har tre oppføringar kvar, éi for lese-utfør tekstsegmentet, éi for lese-skrive datasegmentet og éi for eit lese-berre datasegment. Begge datasegmenta må skrivast ut til disk når minnet vert flytta til swap.