Kva er «swap»-minne?

Swap-minne eller swap-område er diskkomponenten i det virtuelle minnesystemet. Det er førehandsinnstilt som ein swap-partisjon eller ei swap-fil når Linux vert installert for fyrste gong, men kan også leggjast til seinare.

Disktilgang er svært langsam samanlikna med minnetilgang. Systemet køyrer langsamare viss det er overdriven swapping, eller thrashing, når systemet ikkje klarer å finne nok ledig minne. I denne situasjonen er den einaste løysinga å leggje til meir RAM.

For å sjå om swapping, eller paging, har vorte eit ytingsproblem:

  1. Klikk på Ressursar-fana.

  2. Grafen Minne og swap viser minne- og swap-bruk i prosent.