Kor mykje minne vert brukt?

For å sjekke kor mykje minne datamaskina brukar:

  1. Klikk på Ressursar-fana.

Minne og swap viser ein løpande linjegraf for minne og swap som prosentdel av totalt tilgjengeleg. Desse vert plotta mot tid, med noverande tid til høgre.

Fargen på kvar linje er vist med kakediagramma under. Klikk på kakediagrammet for å endre fargen på linjediagrammet.

Minne-sirkeldiagrammet viser minnebruk i GiB og som prosentdel av det totale tilgjengelege.

For å endre oppdateringsintervallet:

  1. Klikk Systemovervakar ▸ Innstillingar.

  2. Klikk på Ressursar-fana.

  3. Oppgi ein verdi for Oppdateringsintervall i sekund.

Kva prosessar brukar mest minne?

For å sjekke kva prosessar som brukar mest minne:

  1. Klikk på Prosessar-fana.

  2. Klikk på kolonneoverskrifta Minne for å sortere prosessane etter minnebruk.

    Pila i kolonneoverskrifta viser sorteringsretninga; klikk på nytt for å snu ho. Dersom pila peikar oppover, er det prosessane som brukar mest minne som vert viste øvst i lista.