Vis alle filsystem, òg gøymde filsystem og systemfilsystem
Som standard viser Filsystem-fana berre diskar og partisjonar som inneheld filene og appane dine. Det finst også fleire spesielle filsystem som operativsystemet brukar, men desse er skjulte som standard.
For å sjå desse spesielle filsystema, klikk Systemovervakar ▸ Innstillingar, og under fana Filsystem, merk Vis alle filsystem.
Dei fleste oppføringane i lista er «virtuelle» filsystem. Dette er ikkje ekte diskar eller partisjonar. I staden vert dei brukte av operativsystemet som eit praktisk abstraksjonslag for ulike ting, som å styre maskinvareeiningar og lagre mellombelse filer. Systemet styrer desse automatisk, så det er sjeldan behov for at du sjølv ser på dei.