Lær kva filsysteminformasjonen tyder
Filsystem-fana listar opp kva diskar som er tilkopla datamaskina, kva namn dei har, og kor mykje diskplass som er tilgjengeleg på dei.
Eining viser namnet som operativsystemet har tildelt disken. Kvar bit av maskinvare som er kopla til datamaskina, vert gjeve ei oppføring i /dev-mappa som vert brukt til å identifisere han. For harddiskar vil det som regel sjå ut som /dev/sda.
Katalog fortel deg kor disken eller partisjonen er montert. Montering er det tekniske namnet på å gjere ein disk eller partisjon tilgjengeleg for bruk. Ein disk kan vere fysisk kopla til datamaskina, men med mindre han også er montert, kan du ikkje få tilgang til filene på han. Når ein disk er montert, vert han knytt til ei mappe som du så kan gå til for å få tilgang til filene på disken. Om Katalog til dømes er oppført som /media/disk, kan du få tilgang til filene ved å gå til mappa /media/disk på datamaskina di.
Type fortel deg kva type filsystem som er brukt på disken eller partisjonen. Eit filsystem bestemmer korleis datamaskina skal lagre filer på disken. Enkelte operativsystem kan berre forstå visse filsystemtypar og ikkje andre, så det kan vere nyttig å sjekke kva filsystem ein ekstern harddisk brukar, til dømes.
Totalt viser den totale kapasiteten til disken og Tilgjengeleg viser kor mykje av den kapasiteten som er tilgjengeleg til bruk for filer og appar. Brukt viser kor mykje diskplass som allereie er i bruk.
Summen av brukt og ledig vil ikkje nødvendigvis leggje seg på det totale. Dette er fordi noko diskplass kan vere reservert til bruk av systemet. Det viktige talet å sjå på er kolonna for ledig, då denne fortel deg kor mykje diskplass du faktisk kan bruke.
Det kan òg hende at det totale ikkje stemmer med den annonserte kapasiteten på harddisken din. Dette er normalt, og skjer av eit par grunnar. Ein grunn er at produsentane av harddiskar brukar ein litt annan måte å telje diskkapasiteten på enn alle andre. Ein annan er at noko diskplass kan vere reservert til bruk av operativsystemet. Dersom det er stor forskjell frå kapasiteten du forventar, kan det vere fordi disken din er delt opp i fleire partisjonar.