Sjå kor mykje lagringsplass som vert brukt

For å sjekke kor mykje plass som er ledig på ein disk, går du til fana Filsystem og ser på kolonnane Brukt og Tilgjengeleg.

Viss fleire einingar vert viste, og du leitar etter den som har Home-mappa di, leitar du etter disken som har / eller /home oppført under Katalog. Dette er vanlegvis (men ikkje alltid) disken der dei personlege filene dine vert lagra.

Frigjer lagringsplass

Viss du ikkje har mykje diskplass att, er det nokre få ting du kan gjere for å prøve å frigjere litt plass.

Det er å slette uønskte filer manuelt. Du kan bruke Analyse av diskplass-appen for å få vite kva filer og mapper som tek mest plass. Etter at du har sletta nokre filer, bør du tømme papirkorga for å vere sikker på at dei er heilt fjerna frå datamaskina.

Du kan også fjerne mellombelse filer i ulike appar. Til dømes held nettlesarar og programvarehandterarar ofte på store mellombelse filer. (Korleis du fjernar dei, avheng av appen.)

Du kan også prøve å avinstallere nokre uønskte appar. Bruk det vanlege programvarestyringsverktøyet ditt til dette.

Ein annan måte å frigjere diskplass på er å «arkivere» gamle filer ved å flytte dei til ein ekstern harddisk eller til dømes til ei nettbasert «sky», for eksempel.