Kva er dei ulike einingane i fana Filsystem?
Kvar eining som er oppført under Filsystem-fana er ein lagringsdisk (som ein harddisk eller USB-minnepinn), eller ein diskpartisjon. For kvar eining kan du sjå kva den totale kapasiteten er, kor mykje av kapasiteten som er brukt, og noko teknisk informasjon om kva type filsystem det er og kor den er «montert».
Lagringsplassen på éin fysisk harddisk kan delast opp i fleire stykke, kalla partisjonar, og kvar av desse kan brukast som om det var ein eigen disk. Om harddisken din har vorte partisjonert (kanskje av deg eller datamaskinprodusenten), vil kvar partisjon verte oppført separat i lista over filsystem.
Med Diskar-appen kan du administrere diskar og partisjonar og sjå meir detaljert diskinformasjon.