Kvifor har eg meir enn éin prosessor?

Mange datamaskinar har meir enn éin prosessor (CPU). Desse vert av og til kalla fleirkjernesystem.

Arbeidsmengda med å køyre alle appane på datamaskina di vert delt mellom prosessorane. Jo fleire prosessorar du har, dess meir kan arbeidet delast opp. Dette reduserer belastninga på kvar prosessor, noko som kan hjelpe til med å få datamaskina til å køyre raskare.

Datamaskina avgjer automatisk korleis arbeidet best kan delast mellom prosessorar; du treng ikkje gjere dette sjølv.