Er det normalt at datamaskina mi brukar så mykje CPU eller minne?

Alle programma som køyrer på datamaskina di deler CPU-tid (prosessor) og minne. Om du køyrer mange program samtidig, eller om nokre program gjer mykje arbeid, vil ein høgare prosentdel av begge delar verte brukt.

Dersom CPU-bruken er rundt 100 %, tyder det at datamaskina prøver å gjere meir arbeid enn ho har kapasitet til. Dette er som regel OK, men det tyder at programma kan verte litt tregare. Datamaskinar har ein tendens til å bruke nær 100 % av CPU-en når dei gjer reknemessig krevjande oppgåver som å køyre spel.

Viss prosessoren køyrer på 100 % over lengre tid, kan dette gjere datamaskina irriterande treg. I eit slikt tilfelle bør du finne ut kva app som brukar så mykje CPU-tid.

Viss minnebruken er nær 100 %, kan dette gjere at ting går mykje tregare. Dette er fordi datamaskina då vil prøve å bruke harddisken din som eit mellombels minne, kalla swap-minne. Harddiskar er mykje tregare enn systemminnet.

Du kan prøve å frigjere litt systemminne ved å lukke nokre appar. Viss ting vert for trege, prøv å starte datamaskina på nytt.

Minnet som vert vist i Ressursar-fana er systemminne (òg kalla RAM). Dette vert brukt til å halde program mellombels medan dei køyrer på datamaskina. Dette er ikkje det same som ein harddisk eller andre typar minne, som vert brukt til å lagre filer og program meir permanent.