Sjå kor mykje prosessorkapasitet (CPU) som vert brukt

For å sjekke kor mykje av prosessoren på datamaskina di som vert brukt no, gå til Ressursar-fana og sjå på CPU-historikk-diagrammet. Dette fortel deg kor mykje arbeid datamaskina gjer no.

Mange datamaskinar har meir enn éin prosessor (nokre gongar kalla fleirkjerne system). Kvar prosessor vert vist kvar for seg på diagrammet. Om du vil, kan du endre fargen som vert brukt for kvar prosessor ved å klikke på eit av dei farga felta under diagrammet.

Du kan òg endre kor raskt diagrammet vert oppdatert (oppdateringsintervallet), og korleis linjene for kvar prosessor vert viste (t.d. som eit stabla arealdiagram). Endre dei relevante vala ved å klikke på Systemovervakar, vel deretter Innstillingar, og så Ressursar-fana.