Få same informasjon frå kommandolinja

Det meste av informasjonen som System Monitor viser kan òg hentast med desse kommandolinjeverktøya.

top

gjev ei stadig oppdatert liste over køyrande prosessar, og let deg styre dei.

lsof

gjev ei liste over opne filer og prosessane som opna dei.

free -m

viser deg kor mykje minne som er tilgjengeleg.

vmstat

gjev informasjon om noverande bruk av virtuell minne.

df -h

viser tilgjengeleg diskplass på monterte filsystem.

pmap

viser minnekartet til ein prosess.