Slå av eller avgrens sporing av filhistorikk

Sporing av nyleg brukte filer og mapper gjer det lettare å finne element du har arbeidd med i filhandsamaren og i filvindauge i appane. Du vil kanskje heller halde filbrukhistoria di privat, eller berre spore den svært nylege historikken.

Slå av sporing av filhistorikk

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Personvern og tryggleik.

  2. Vel Innstillingar ▸ Personvern og tryggleik frå resultata. Dette opnar Personvern og tryggleik-panelet.

  3. Klikk på Filhistorikk og papirkorg for å opne panelet.

  4. Slå av brytaren Filhistorikk.

    For å slå på att denne funksjonen, slår du på brytaren Filhistorikk.

  5. Bruk knappen Tøm historikk … for å slette historikken med ein gong.

Denne innstillinga vil ikkje påverke korleis nettlesaren din lagrar informasjon om nettstadene du vitjar.

Avgrens kor lenge filhistorikken vert spora

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Filhistorikk og papirkorg.

  2. Klikk på Filhistorikk og papirkorg for å opne panelet.

  3. Sjå til at Filhistorikk-brytaren står på.

  4. Under Varigheit for filhistorikk, vel kor lenge du vil behalde filhistorikken din. Vel frå alternativa 1 dag, 7 dagar, 30 dagar eller For alltid.

  5. Bruk knappen Tøm historikk … for å slette historikken med ein gong.